Aktuelt

Velg en emneknagg for å velge hvilken type nyheter du vil se.

Alle Nyheter Statistikk Prognose Spalte i Bondebladet Lagerbeholdning Sesongberetning frukt Landbruksdirektoratet

Plommeprognose pr 1. juli 2013.

av Bjørn Eidhammer

Prognosen for 1. juli, viser at ein kan venta ca 1300 tonn plomme i år. Dersom det slår til, blir det i så fall ny avlingsrekord i nyare tid.

Avlingsprognose plomme pr 1. juli 2013

Avlingsprognose-plomme-pr-1.-juli-2013.doc

Avlingsprognose potet 2012

av Bjørn Eidhammer

Vedlagt følgjer avlingsprognose for potet etter årets utførte graveprøvar.

Som tidlegare år er graveprøvane utført av rådgjevingstenesta i dei aktuelle potetdistrikta og rapporten er skriven av Halvor Alm i Hoff.

 Hovudkonklusjonen er at ein samla for heile landet kan venta 12% lågare avling enn i fjor. Hovudgrunnen er truleg den seine starten som ein fekk på potetene i dei viktige innlandsområda i Hedmark og Oppland. Arealet i desse to fylka utgjer ein svært stor del av potetarealet her i landet og påverkar difor avlinga i sterk grad.  Her er det ein større del små potet og avlinga vil vera avhengig av kor stor tilveksten blir framover. I fjor vart som kjent ein god del potet kassert pga. av mykje nedbør, råte og  drukning. Dersom tilveksten blir god og ein unngår for mykje nedbør framover, kan resultatet bli betre enn prognosen viser samanlikna med i fjor.

 I andre distrikt enn Hedmark og Oppland, ser det ut til å kunne bli betre og til dels god avling. Spesielt på Jæren og Trøndelag ser det bra ut, medan det i Troms ser ut til å bli eit dårleg år etter rekordavlinga der i fjor..

 Den ytre kvaliteten ser jamt over til å kunne bli ganske bra. Både på Jæren og i Solør/Odal er det høg og svært god kvalitet. Pga. ujamne veksttilhøve kan ein venta ein del skurv og vekstsprekker i nokre område.

 Dei siste åra har me hatt for lite av dei viktige matpotetsortane Asterix og Beate. Prognosen viser at avlinga av desse to sortane er mindre enn i fjor. Godt ver framover i september, kan likevel gi håp om at situasjonen kan bli betre enn prognosen viser.

For fleire detaljer om avlingsnivå i dei forskjellige distrikt og ulike sorter, sjå vedlagte pdf- fil

 Prognose 2012

Prognose-2012.pdf

Fruktprognose pr 15. august 2012

av Morten N. Andersen

Den sist oppdaterte fruktprognosen viser at det blir lite eple på Austlandet, men ganske god avling på Vestlandet. Totalt for landet ser epleavlinga ut til å bli ca 7 000 tonn , noko som er omtrent likt gjennomsnittet for det som er selt til konsum dei siste åra.

For plomme har også avlinga blitt til dels sterkt redusert pga av det kalde veret omkring blømingstidspunktet. Prognosen viser 869 tonn som er ei avling lågare enn det som har vore alle dei siste 5 åra.

For moreller ser det ut il å bli ei avling på vel 400 tonn som er litt høgare enn gjennomsnittet for dei siste åra.

Avlingsprognose alle fruktslag pr 15. august 2012

Avlingsprognose-alle-fruktslag-pr-15.-august-20122.pdf

Årets fruktprognose 2012

av Bjørn Eidhammer

Årets fruktprognose pr 20. juni, viser at me heller ikkje dette året får noko stort fruktår i Norge. Etter ein mild vinter såg det lovande, men det milde veret i mars, etterfylgt av kald april og mai med til dels frost og dårleg ver under pollineringa, gjer at avlinga også dette året blir under middels. Nye prognoser blir henta inn i byrjinga av august.

Avlingsprognose alle fruktslag pr 20 juni 2012

Avlingsprognose 2012, plomme og moreller per veke