Avlingsprognose potet 2012

Vedlagt følgjer avlingsprognose for potet etter årets utførte graveprøvar.

Som tidlegare år er graveprøvane utført av rådgjevingstenesta i dei aktuelle potetdistrikta og rapporten er skriven av Halvor Alm i Hoff.

 Hovudkonklusjonen er at ein samla for heile landet kan venta 12% lågare avling enn i fjor. Hovudgrunnen er truleg den seine starten som ein fekk på potetene i dei viktige innlandsområda i Hedmark og Oppland. Arealet i desse to fylka utgjer ein svært stor del av potetarealet her i landet og påverkar difor avlinga i sterk grad.  Her er det ein større del små potet og avlinga vil vera avhengig av kor stor tilveksten blir framover. I fjor vart som kjent ein god del potet kassert pga. av mykje nedbør, råte og  drukning. Dersom tilveksten blir god og ein unngår for mykje nedbør framover, kan resultatet bli betre enn prognosen viser samanlikna med i fjor.

 I andre distrikt enn Hedmark og Oppland, ser det ut til å kunne bli betre og til dels god avling. Spesielt på Jæren og Trøndelag ser det bra ut, medan det i Troms ser ut til å bli eit dårleg år etter rekordavlinga der i fjor..

 Den ytre kvaliteten ser jamt over til å kunne bli ganske bra. Både på Jæren og i Solør/Odal er det høg og svært god kvalitet. Pga. ujamne veksttilhøve kan ein venta ein del skurv og vekstsprekker i nokre område.

 Dei siste åra har me hatt for lite av dei viktige matpotetsortane Asterix og Beate. Prognosen viser at avlinga av desse to sortane er mindre enn i fjor. Godt ver framover i september, kan likevel gi håp om at situasjonen kan bli betre enn prognosen viser.

For fleire detaljer om avlingsnivå i dei forskjellige distrikt og ulike sorter, sjå vedlagte pdf- fil

 Prognose 2012

Kommentarene er lukket